kompetansemål i de ulike programfagene:


FRA 2016 kommer det nye kompetansemål: 



Kompetansemål
Visuelle kunstfag 1
(FOR1Z01 - Visuelle kunstfag 1)

Teikning og fargeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke ulike teiknereiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
•bruke ulike maleteknikkar på ulike underlag
•bruke proporsjonar i arbeid med portrett, naturformer og gjenstandar
•bruke komposisjonsprinsipp for å visualisere inntrykk, idear og bodskapar
•bruke farge, valør og perspektiv for å oppnå illusjon av rom
•bruke fagterminologi i vurdering av fargekontrastar
•bruke ulike reiskapar og teknikkar for å få fram tekstur, rom, lys og skugge
Form og materialeOmtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke utsnitt, forenkling og positive og negative flater i arbeid med dekor og mønsterkomposisjon
•bruke ornament og symbol i eige arbeid
•bruke harde, plastiske eller tekstile materiale i eige arbeid
•kombinere fargar, former og materiale til eit tilsikta uttrykk
•bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i skapande arbeid
Kunst og kulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•presentere verk av sentrale biletkunstnarar i Noreg og andre land frå 1900-talet og fram til i dag
•gjere greie for særtrekk ved ulike epokar på 1900-talet og fram til i dag
•kjenne att formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid
•gje døme på biletkunst, dekor og symbol knytt til tradisjon, religion og politikk
•presentere særtrekk ved kunsten til urfolk og samanhengen mellom samisk kunst og religion og politisk utvikling i samfunnet

Visuelle kunstfag 2
(FOR1Z02 - Visuelle kunstfag 2)
Teikning og fargeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke valør, farge og form i frihandsteikning og maling for å få fram ulike uttrykk
•bruke ulike teiknereiskapar i arbeid med kroki
•bruke anatomi, proporsjonar og fortkortingar i teikning av menneskekroppen
•forklare symbolverdien til fargar i ulike samanhengar
•komponere eigne uttrykk med utgangspunkt i sentrale komposisjonsprinsipp
•planleggje utforming av skulptur og installasjon
•bruke fotografi og informasjonsteknologi som utgangspunkt for registrering, idéskisser og biletnotat
Form og materialeOmtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke sentrale komposisjonsprinsipp og verkemiddel i arbeid med skulptur og installasjon
•bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i arbeid med tredimensjonal form
•modellere skulptur i plastisk materiale
•stilisere og bearbeide organisk og geometrisk form
•organisere form og rom for å oppnå eit tilsikta uttrykk
Kunst og kulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst før 1600
•gjere greie for særtrekk og analysere verkemiddel i kunstverk før 1600
•gjere greie for ulike materiale, fargar og teknikkar som vart nytta i framstillinga av kunst før 1600
•analysere kunstuttrykk i lys av religion, filosofi, mytologi og historie
•forklare korleis oppdragsgjevarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600

Visuelle kunstfag 3
(FOR1Z03 - Visuelle kunstfag 3)
Teikning og fargeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•abstrahere naturformer til eigne komposisjonar
•utarbeide idéskisser til utsmykkingsoppdrag
•framstille ulike biletuttrykk for illustrasjon
•bruke og vurdere lys, fargesamansetjingar og fargeverknader i eige arbeid
•velje materiale, reiskapar og teknikkar i todimensjonalt biletarbeid for å oppnå tilsikta verknader
Form og materialeOmtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke teikning og bygging av modell som utkast til større arbeid
•gjere greie for prinsippet om det gylne snitt og bruke det i eige arbeid
•kombinere ulike materiale og teknikkar i arbeid med installasjonar og dekorative komposisjonar
•skape sjølvstendige uttrykk i ulike materiale med utgangspunkt i aktuelle hendingar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt
Kunst og kulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst frå 1600 til 1900
•beherske fagterminologi i tolking og samanlikning av kunstuttrykk
•gjere greie for særtrekk, problemstillingar og verkemiddel i kunsthistoriske retningar, frå realismen og framover
•gje døme på korleis kulturelle førebilete har hatt innverknad på skulptur og bilete frå 1600 til 1900
•setje kunstverk inn i ein samfunnsmessig og idéhistorisk samanheng



Design og arkitektur 1
(FOR2Z01 - Design og arkitektur 1)
Produktutvikling og materialeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•utvikle produkt til ulike typar rom ut frå kravspesifikasjonar
•bruke harde, plastiske og tekstile materiale i produktutvikling
•forklare prinsippa i Natural Colour System (NCS) og nytte dette i fargesetjing
•gjere greie for omsyn til miljø, ressursar og forbruk i arbeid med design og arkitektur
•planleggje og dokumentere arbeidsprosessen frå idé til ferdig produkt
•presentere og vurdere form, farge, funksjon og materiale i eige arbeid
Teikning, konstruksjon og modellar Omtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•teikne rom i plan, oppriss og perspektiv
•lage skisser og utarbeide arbeidsteikningar
•byggje modellar i målestokk
•eksperimentere med korleis lys og fargar verkar inn på rom og overflate
•bruke digitale teknikkar og biletbehandling i presentasjon av modellar og produkt
FormkulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•gjere greie for hovudtrekka i utviklinga av viktige formtradisjonar i norsk formkultur og samisk duodji og kva innverknad dei har på moderne design
•presentere sentrale arbeid innanfor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet
•karakterisere særtrekk ved byggjeskikk og handverk- og husflidstradisjon i regionen
•gjere greie for materialbruk, formspråk og funksjon i formkultur frå ulike samfunn og kulturar og setje det inn i ein kulturell samanheng
•gjere greie for særtrekk ved Scandinavian Design og vise korleis desse har verka inn på interiørutforming
•gjere greie for funksjon, form og dekor på bygningar og bruksgjenstandar frå 1900-talet

Design og arkitektur 2
(FOR2Z02 - Design og arkitektur 2)
Produktutvikling og materialeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•utvikle grafisk formgjeving og layout ut frå kravspesifikasjonar
•bruke og vurdere form, farge og komposisjon i utvikling av symbol, teikn og skrift i informasjonsdesign
•gjere greie for og vurdere informasjonsdesign i offentlege rom
•bruke trykkteknikkar på papir og tekstil
•forklare prinsippa for pigmentfarge- og lysfargeblanding med utgangspunkt i Cyan, Magenta, Yellow og blacK (CMYK) og Red, Green og Blue (RGB)
Teikning, konstruksjon og modellar Omtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•teikne og formidle idear og illustrere tekst
•manipulere eigne bilete digitalt og bruke det i ulike samanhengar
•bruke sentrale komposisjonsprinsipp og eksperimentere med fargesamansetjingar og fargeverknader i flatekomposisjonar
•stilisere motiv og konstruere mønster for trykk
•bruke digitalt verktøy i utvikling og produksjon av modellar
•dokumentere og vurdere eigne prosessar frå idé til ferdig biletuttrykk
FormkulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•gjere greie for hovudtrekk i vestleg gjenstandskultur fram til 1600-talet og gje døme på korleis arven frå antikken har verka inn på formspråket
•gje døme på kulturpåverknad i arkitektur, byggjeskikk og kulturlandskap fram til 1600-talet
•beskrive klede og andre bruksgjenstandar fram til 1600-talet
•beskrive sentrale materiale og teknikkar i klede, bruksgjenstandar, design og arkitektur fram til 1600-talet
•gjere greie for korleis arkitektur og ornament speglar religion, filosofi, mytologi og litteratur
•forklare korleis samisk formkultur skil seg ut som eige formuttrykk i Norden

Design og arkitektur 3
(FOR2Z03 - Design og arkitektur 3)
Produktutvikling og materialeOmtale av hovudområdet19
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•designe klede og utstyr som høyrer til, ut frå kravspesifikasjonar
•designe gjenstandar for innerom og uterom
•eksperimentere med ulike materiale i produktutviklinga
•forklare enkle prinsipp for bygningskonstruksjon og eigenskapane til dei viktigaste materiala
•gjere greie for korleis menneskelege mål, materiale, landskap og klima bestemmer forma på bygningar og plasseringa deira
•beskrive og vurdere uterom i nærmiljøet
Teikning, konstruksjon og modellar Omtale av hovudområdet20
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•lage skisser og arbeidsteikningar for klede og utstyr som høyrer til
•teikne hus, uterom og miljø i ulike perspektiv og i aksonometri
•utvikle modell for uterom i nærmiljø
•beskrive korleis plan- og byggjesaker blir behandla og presenterte
•presentere arkitektur eller designprodukt frå idé til ferdig produkt
•prøve ut enkle prinsipp for dimensjonering, konstruksjonar og eigenskapane til materiala
FormkulturOmtale av hovudområdet21
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•beskrive og vurdere sentrale arkitektoniske verk, plassar, hagar og parkar etter 1600
•gjere greie for trendar og påverknad i design etter 1600
•gjere greie for idear knytte til kulturminne- og landskapsvern
•vurdere ressursbruk, miljø og etikk i tilknyting til design, arkitektur og miljøutforming
•vise korleis arkitektur, byggeskikk, kulturlandskap og miljøutforming er uttrykk for ulike kulturar og tradisjonar
•gjere greie for særtrekk ved Scandinavian Design og vise korleis desse har verka inn på arkitektur

Scenografi og kostyme
(FOR4Z01 - Scenografi og kostyme)
SceneromOmtale av hovudområdet16
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•utforme modellar i målestokk av scenerom til tenkte arrangement
•planleggje og produsere enkle sceneoppsetjingar
•vurdere korleis kvitt og farga lys verkar inn på uttrykket til scenerommet
•planleggje og utforme scenografi for digital produksjon
•bruke form, farge, komposisjon og materiale til å formidle ein bodskap
KostymeOmtale av hovudområdet17
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•designe og produsere enkle kostyme
•lage skisser til presentasjon av kostyme
•vurdere val av farge og materiale i klede og kostyme
•bruke enkel mønsterkonstruksjon og ulike samanføyingsteknikkar
•vurdere verkemidla sminke, kostyme og rekvisittar som kommunikasjon i scenerommet
•lage enkle masker til ei tenkt oppsetjing
StilhistorieOmtale av hovudområdet18
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•karakterisere særtrekk ved klede, møblar og gjenstandar frå ulike epokar og kulturar
•analysere og samanlikne sceniske uttrykk og verkemiddel i filmar frå ulike epokar
•karakterisere særtrekk ved design av større arrangement

Trykk og foto
(FOR5Z01 - Trykk og foto)
Grafisk uttrykkOmtale av hovudområdet16
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•bruke ulike visuelle verkemiddel i skapande arbeid
•bruke teikning, foto og skrift i arbeid med å utvikle trykk
•bruke og vurdere valør og farge, flate og romlege verkemiddel i grafiske uttrykk
•manipulere og overføre bilete ved hjelp av digitale verktøy
•dokumentere eige grafisk arbeid og følgje rutinar for signering
•utarbeide layout for ulike føremål
Teknikk og materialeOmtale av hovudområdet17
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•planleggje og utføre ulike former for trykk
•vurdere om idear, skisser og teikningar eignar seg for reproduksjon
•bruke ulike teknikkar i overføring av motiv til trykk
•utføre trykk på ulike underlag og vurdere resultatet
•bruke ulike fotografiske teknikkar rett
•bruke materiale og utstyr i tråd med retningsliner for helse, miljø og sikkerheit
Foto, grafikk og samfunnOmtale av hovudområdet18
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
•gjere greie for rolla til det masseproduserte biletet i samfunnsdebatten
•vurdere foto som reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk
•presentere sentrale verk innanfor bokkunst og illustrasjon
•karakterisere arbeid av sentrale grafikarar, fotografar, grafiske designarar og tekstilkunstnarar
•presentere særtrekk i grafiske arbeid frå ulike kulturar